Artikkel: Thomas Grindvoll nådde 71m utan slede

Thomas Grindevoll - Nådde 71 m utan sledeI år trenar Thomas Grindevoll mykje «konstant vekt»-dykking. Til hausten håpar han å delta i denne disiplinen under VM i fridykking i Nice i Frankrike.

Av Kenneth Svenningsen

Til no har eg berre hatt 10-12 treningar i sjøen sidan april. For å bli best mogleg innan dei mange disiplinane innan fridykking har eg terpa mest på «konstant vekt». Det vil seia at eg symjar ned mot botnen for eiga maskin og at det eg har på meg av vekter må eg ta med meg
opp igjen, fortel Thomas.


Stor framgang
Thomas GrindevollAlt no har han gjort store framsteg innan denne disiplinen. Berre den siste veken har han gått frå å klara 62 m, via 66m før han sist helg altså klarte 71 meter for egen maskin.
  - Eg har brote ein bariere. Så seint som i fjor hadde eg store problem med å klara å nå 50 meters djup i denne disiplinen, seier 24-åringen. Det gjekk litt på feiltrening og den mentale biten.
   Han meiner rekord-dykket ­ som vart gjort ved Fedje i Nordhordland ­ gjekk heilt etter planen.
  - Me ankra opp ein plass der det var 90 meter djupt. To personar var med meg, ein sat i båten og passa på dykkelinen som eg var festet til via en liten sikkerhetsline til handledet mitt, medan han andre låg på seks meters djup og følgde med.
  - Kvifor låg han så høgt oppe?
  - Det er rett og slett fordi det er i dette området det er mest kritisk.
På dei 71 meterane ned brukar eg kring 20 prosent av kreftene. Resten går til den tunge oppturen. Erfaringsmessig veit me at det er dei
siste ti metrane at fridykkarane er i størst fare for å svima av, fortel Thomas.


Fantastisk sikt
Thomas GrindevollMen Thomas trengde heldigvis inga hjelp sist laurdag. Han hadde 3 kg bly i beltet og tok nedturen i to etappar.
  - Dei første 40 metrane symjar eg, etter det går eg over i ein glidefase. Under denne fasen vert blodet i kroppen forskyvd til sentrale organar og hjarteslaga mine kan då synka til 20 slag i minuttet, seier Thomas.
Sjølv om vatnet ikkje heldt meir enn 5,8 gradar på botnen merka ikkje osingen noko til det.
  - Eg merkar kulda under oppvarminga, men når eg er i gang med rekordforsøk er eg så fokusert at eg ikkje registrerar kulda, seier han.
   Vel nede på botnen vart Thomas overraska over sikta.
  - Eg hadde med meg ein lysstav, men den var heilt overflødig. Sikta var utroleg god og eg kunne sjå at botnen var dekt av fin skjellsand.

Paradegrein
Oppturen var i følgje Thomas ganske tung, men ettersom han såg overflata nærma seg, fekk han også litt ekstra krefter.
  - Grunna mjølkesyre vart beina ganske stive, men det gjekk greitt. Dei siste 10 metrane berre flaut eg mot overflata, fortel Thomas.
Han legg til at heile dykket tok to minuttar og nitten sekund.

Constant weight apnea Dette er den store paradegrenen innen apnea. Dette er øvelsen der man med en valgt blymengde svømmer dypest mulig langs en line, og tar med en merkelapp «tag» opp igjen for å vise hvor dypt han har vært.
Dykkedybde meldes før dykket, og man får ikke ekstrapoeng for å dykke dypere enn meldt dybde. Konostant vekt betyr at man ikke får ta av eller legge på vekt under dykket.

  - Denne disiplinen «konstant vekt» er på mange måtar paradegreinen i fridykking. Inntil for ikkje så lenge sidan var verdsrekorda på 72 meter og tilhøyrde legendariske Umberto Pelizzari frå Italia. Men dei siste åra har fridyakkarar rundt i verda gått mykje djupare. I dag er verdsrekorden på 103 meter.

Vil til VM
Dersom alt går som planlagt reiser Thomas til Hellas i juni. Der vil han prøva å kvalifisera seg til VM i fridykking «konstant vekt», som går av stabelen i Nice i Frankrike i september.
  - Kvalikk-kravet til VM er 55 meter. Sjølv satsar eg på å klara minst 80 meter. Klarar eg det er eg heilt i verdstoppen, seier fridykkaren frå Kuvågen.

 Tilbake

Ønsker du utvidet tilgang til bilearkivet. Kontakt Steinar.

Copyright jok© 2005
Body Smart as via www.bodysmart.no, www.bodysmart.info, www.freediving.no All rights reserved.

Epost webmaster
 «@ jok © 2005»